søndag 28. mars 2021

Inga kornett-tur i dag....

 Men, det var ei god økt med Bordogni og hymner/salmer. Kva er eigentleg forskjell på ein hymne og ein salme? For meg er det akkurat det same. 

Har lært meg ein ting i dag, eller oppdaga på nytt igjen. at ein og same etyde i 2 forskjellige tonearter kan totalt forandre karakter. Og det er ganske fasinerande. Da vart det til at ein fann fram salmeboka og begynte å spele påskesalmer. Da var det og ei god økt med å transponere og frå C til Bb. Det blir litt feil og spele det som står notert i salmeboka enn å spele den i riktig toneart.

Det blir nok fleire turer med kornetten og hymneboka framover. Det var hovudet mitt og regnet som satte ein stopper for tur i dag med kornett. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar