søndag 17. februar 2019

Kornett og heksejakt

I full gang mot neste NM i april 2019.

3 dager til ende med mykje god øving. Og det har vert kjekt. Blir berre enda meir inspirert til øve mykje meir. Trudde det var dobbeltunge eg skulle jobbe mest med. Eg får vel berre forsetje på enkeltunge. Målet er å kome over 144. Blir mykje piping ved gangoverfeltet i stova da ifølge min mann da eg brukte nesten ein time på å spele på g (f-natura) å spele enkeltunge med metronom.
Så skal det bli briliant til slutt. Det er i vert fall målet.

Viss ein trur ein kan slappe av dagen etter ei helg med 3 dager på rad med øving, så tar ein feil. Først litt egenøving og så til Minde igjen og øve med LMK igjen. :) Bergen t/r 4 dager på rad. Så spørs det om eg er like heldig med å kome meg igjennom kolonnekøyringa som eg gjorde sist mandag og på fredag. Er jo lov til å håpe. :)