tirsdag 9. februar 2016

Hausten 2015, Siddis og NM i Brass 2016

Slutten på våren av 2014 og framover begynte eg endeleg å spele kornett igjen. Det har nok alltid vert mitt instrument sidan eg begynte å spele kornett som aspirant i skulekorpset for mange år sidan. Men, midt i ungdomstida mi gjorde eg eit lite opprør i musikkens verden og kjøpte meg tverrfløyte for konfirmasjonspengene mine. Planen var jo eigentleg kornett eg skulle ha. Men, slik vart det ikkje. Klager aldri på at eg lærte meg å spele tverrfløyte. Har hatt mykje glede ut av den. Men, har alltid savna det å spele kornett.
Når eg begynte på Viken valgte eg å kjøpe ein trompet som eg kunne spele på. Spesielt i storbandet. Frå den tida der var det ikkje så mykje eg spelte på messing. Var mest på tverrfløyta. Og ein god del på gudstenester og.

Men, no har draumen endeleg gått i oppfyllelse så langt. Det er å ha min eige kornett. Min gode mann, som og speler, men da althorn. Og det hornet han hadde var ganske så surt. Når eg spelte på det, så var det visst aldri surt, trur eg. Men, etter 2-3 øvinger der ingenting stemte, så vart mannen desperat etter eit nytt instrument.

Og brått tok ein turen til Musikk-Miljø i Bergen. Begge i kvart sitt rom for å prøvespele. Eg fekk med meg 4 stykk kornettar, 1 Besson Sovereing, 2 stk stearling Virtouse og 1 Yamaha Neo. Den eine var tungblåst, den andre hang ventilane seg, så det endte opp med ein Neo, til tross for at eg var Yamaha-motstander, og var nesten 100% på at det kom til å bli Besson. Det var jo ein Sovereing som var den store draumen.

No har Neoen fått blitt med på Siddis og NM i Brass saman med Musikkorpset Heimdal.

Under NM så fekk Neo seg ein heilt ny gigbag med plass til alt utstyr i. Og som ein kan ha på ryggen i tillegg. Heilt perfekt det. :)