lørdag 27. mars 2021

På tur med Neo og hymneboka. 🎺🎵🎶🎺

 Sidan ein ikkje får spelt så mykje med andre for tida, og det blir lite med øving fordi ein har mest lyst til å gå på tur for å koble av litt frå korona-kvardagen. Da er det godt å kome seg ut på tur. Men, det går jo utover kornetten. Så no har eg faktisk begynt å ta med Neo på tur. Her på Stamnes har vi sånne trimpoeng der ein registerer seg for å få poeng. Så på kvar ny stad eg tar med meg kornetten, så blir det spelt ein hymne frå Hymneboka. Starter på nr 1. Så i dag vart det ein kjapt tur bak huset til Geithaugen og Gapahuken.

Notestativ er ikkje noko særleg å ta med seg på tur. Eller det gidder ein ikkje å ta med seg. Ikkje noteklype ein gang. Det høyrer ikkje med. Så da var det berre å bruke sekken som stativ.

Hadde planer om å gå tur aleine, men da det brått dukka opp påskerebus i regi av idrettslaget, så fekk eg med meg ein fotograf på turen og. Og til og med publikum og på 4 bein som fulgte med oss heile turen.






Første gangen eg har stått oppe på Geithaugen og spelt. Har tenkt på det vel og lenge å ta turen ut med kornetten for å spele. 

Sidan ein kan og få poeng på Gapahuken, så var det hymne nr 2. Og med ligg regn, så var det veldig kjekt med "notestativ". Gapahuken har fine dyr som ein kunne bruke som notestativ. Fungerte heilt fint det. :)





Publikum og fotograf var forsatt med på turen. Publikum på 4 bein fulgte trufast med heile turen. Innimellom med litt bærehjelp pga det var litt for vått. Da var det godt fotografen kom til unnsetning.











Ein ting er sikkert, trur ikkje det har vert ein kornett i gapahuken før. :)

Hymnene er kun 1 opptak og ikkje noko redigering av lyd. Så det blir som det blir. :)

https://www.youtube.com/playlist?list=PLjaI51iAhw7Mt62OhcSKf4k-XNxix-TlZ


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar