lørdag 24. april 2021

Sola endeleg tilbake og litt egentid i skog og mark.

 




Ei stund sidan sist hymnetur. Men, dagen i dag vart det tur. Denne gangen gjekk turen opp Stegane og opp til Stamnesfjella og så til Skreddarstølen og vidare til Middagshaugen og ned igjen. Hadde og planer om å finne vegen til Åsen, men det fant eg ikkje denne gangen heller. Planen var å spele der oppe. Men, får prøve igjen ein annan gang. 

Men, eg fant meg ein anna fin plass å spele når eg gjekk litt ut av oppmerka sti.





Turen her i frå gjekk vidare mot Skreddarstølen. Der kan ein få seg 10 trimpoeng. Fant fram til slutt. Men, kunne registere trimpoeng lenge før. :)




Har endeleg fått meg eit skikkeleg turnotestativ. Fungerer veldig fint. Gåstaver kan brukast til så mangt.
Veldig kjekt å kunne bruke staver til noko anna enn som støtte i opp og nedover bakkane. Spelinga er som så med, Er ikkje akkurat perfekt spelt, men så er det vel turen i seg sjølv som er målet. Men, kjekt å kunne gjere noko anna for å auke motivasjon til å øve meir. Har blitt meir øving i det siste. Men, det er det Bordogni som har skulda for. Kjekke etyder å spele. Nei, dei blir ikkje tatt opp og lagt ut på nett.





Så gjekk turen vidare til Middagshaugen.


Trur det må vere første gangen det har vert ein kornett der oppe. Kjekt var det å stå og spele der oppe. Hadde vert kjekt å kunne stå der oppe 17.mai kl 08.00 og spelt Ja, vi elsker. Får sjå om det lar seg gjere og om ein får tid til det.







onsdag 7. april 2021

På hymnetur på Skjærtorsdag

 Skjærtorsdag var det den vanlege runden og ein tur til Skyggeberget, så til Geithaugen og deretter til Gapahuken og så ned igjen.

Hadde med meg fotograf denne gangen og. Er jo moro med desse kornetturane mine. Er kun den 2. turen til no. Men, det blir fleire så snart sola kjem igjen. Litt kjedelig med hymnebok som blir gjennomvåt av regn. Noko laminert hymnebok har ein ikkje. Og har ingen planer om å lage det heller. Målet er å lære seg hymnen utanatt. Til det trengs det meir øving til. Men, så var det denne tida da som ikkje alltid går etter min plan. Brått må ein vere privatsjåfør i tillegg. Får statse på helgene. Da skjer det ikkje noko sidan det er veldig lite med øvingar og konsertar.

Å prøve ut nye notestativ er alltid kjekt. Denne gangen vart det eit tre. :)


Heldigvis så holdt den seg på plass til hymnen var ferdigspelt. :) Trur eg må ha med meg klesklype neste gang. :)